Retningslinjer for tilbakemelding og klagetilgang
Retningslinjene er utarbeidde med utgangspunkt i retningslinjer for søknadsvurdering.
-
Det vert gitt grunngjeving for avslag på søknaden. Grunngjevinga vil basere seg på notat frå søknadsbehandlinga og vil i hovudsak vere av generell og overordna karakter.
-
Grunngjeving kan ventast innan 3 veker etter at tildelinga av forskingsmidlar er gjort kjent.
-
Det er høve til å klage på saksbehandlingsfeil i behandling av søknaden. Det er ikkje anledning til å klage på utøvinga av det faglege skjønnet i vurderinga.
-
Skriftleg klage skal fremjast gjennom søkjarinstitusjonen. Klage skal støttast av næraste leiar, og bli fremja av fagdirektør ved søkjarinstitusjonen.
-
Klagen skal vere kortfatta (maks 2 sider), og det skal gjerast greie for kva saksbehandlingsfeil den gjeld.
-
Fristen for klage er 3 veker etter mottatt grunngjeving.
-
Klager på saksbehandlingsfeil vert handsama i ein eigen klageinstans.
-
Endeleg vedtak blir fatta av samarbeidsorganet.