Det er viktig at forskingsprosjekt som skal utførast ved føretaka i Helse Vest er godt forankra i institusjonane. Under finn du informasjon om korrekt forankring av søknadar til EU og NFR. Korrekt forankring er ein føresetnad for å kunne få tildelt posisjoneringsmidlar. Ta også alltid kontakt med forskingsavdelinga ved føretaket før søknad om forskingsmidlar blir sendt.
Forankring av EU-søknadar
Ein føresetnad for å få tildelt posisjoneringsmidlar retta mot EU er at eit føretak i Helse Vest er/blir oppført som administrativ og juridisk kontraktspartnar/koordinator i EU-søknaden. JRU-avtaler gir ikkje grunnlag for tildeling av posisjoneringsmidlar. Kvittering for innsendt EU-søknad og stadfesting på at institusjonen støttar EU-søknaden må sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.
For korrekt forankring av søknad om forskingsmidlar frå EU, må følgjande PIC-kodar nyttast:
- Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus: 983562444
- Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus: 997441592
- Helse Førde HF, (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
- Helse Fonna HF, (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
- Sjukehusapoteka Vest HF (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
Ved innsending av mellom anna partnarsskapssøknad er det ikkje alltid krav om å føre opp PIC-nummer i søknadsskjemaet. Institusjonsadressene slik dei står ovanfor, skal då nyttast for å sikre korrekt forankring. Merk at posisjoneringsmidlane vil bli trekt tilbake dersom det blir sendt inn EU-søknad som ikkje er forankra i eit helseføretak, dvs. manglande bruk av PIC-kodane eller institusjonsadressene ovanfor.
Forankring av NFR-søknadar
Ein føresetnad for å få tildelt posisjoneringsmidlar retta mot NFR er at eit føretak i Helse Vest er/blir oppført som prosjektansvarleg for søknaden. For korrekt forankring av søknad om forskingsmidlar frå NFR som prosjektansvarleg, må følgjande institusjonsadresser/organisasjonsnummer nyttast:
- Helse Bergen HF, organisasjonsnummer 983974724
- Helse Stavanger HF, organisasjonsnummer 983974678
- Helse Fonna HF, organisasjonsnummer 983974694
- Helse Førde HF, organisasjonsnummer 983974732
- Sjukehusapoteka Vest HF, organisasjonsnummer 983974716
Merk at posisjoneringsmidlane vil bli trekte tilbake dersom det blir sendt inn NFR-søknad som ikkje er forankra i eit helseføretak, dvs. manglande bruk av institusjonsadressene ovanfor. Kvittering for innsendt søknad skal sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.