Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Insentivprogram for eksterne forskingsmidlar

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta i regionen har etablert eit insentivprogram for eksterne forskingsmidlar. Insentivprogrammet kjem i tillegg til ordninga med posisjoneringsmidlar, der ein kan få støtte til søknadsutforming retta mot EU og NFR.

Regjeringa lanserte sommaren 2014 ein strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet ​med EU. Strategien fastset ambisjonsnivået regjeringa har for den norske deltakinga, og for alle dei forskingsutøvande sektorane inkludert helseføretaka er det definert tydelege målet om å auke deltakinga i Horisont2020 og Det europeiske forskingsområdet (ERA).

Eitt av hovudargumenta for større grad av internasjonalisering og deltaking i EU-programma er at dette bidreg til å styrkje kvaliteten og relevansen i norsk f​orsking.

Eksterne forskingsmidlar frå EU og NFR inngår også i indikatoren for​​ forskingsproduksjon i helseføretaka, og ein auke i slike eksterne forskingsmidlar er såleis viktig for å oppretthalde og sikre forskingsfinansieringa til Helse Vest.

Regionale samarbeidsorgan for forsking og innovasjon ønskjer å synleggjere og påskjøne innsats for forskingssamarbeid med EU. Dersom du har fått midlar frå EU  som er forankra og rekneskapsført i eit helsefø​retak eller privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest, kan du få 15 prosent av dei rekneskapsførte midlane som påskjøning frå Helse Vest.

Helseføretaket/den privat​​e ideelle institusjonen må vere koordinator, partnar eller opptre som tredjepart i EU-prosjektet. Status som underleverandør (subcontrator) gir ikkje utteljing.

Midlane blir tildelt etter å​rleg søknad frå institusjonen (helseføretak / privat, ideell institusjon). Det skal sendast inn eitt skjema per institusjon med oversikt over alle EU-prosjekt det blir søkt om påskjøning for. Skjemaet kan først sendast inn når årsrekneskapen er avslutta, og skal seinast sendast inn innan 1. juni påfølgjande år. Det kan ikkje søkjast om påskjøningsmidlar for fleire år om gongen.

Påskjøninga er avgrensa til å omfatte EU-midl​​ar som gir utteljing i Helse- og omsorgsdepartementet sitt målesystem for forskingsaktivitet i helseføretaka. Sjå meir informasjon om kva EU-midlar som gir utteljing i Helse- og omsorgsdepartementet sitt målesystem.

Midlane blir gitt som miljøstøtte og blir tildelt søkjarinstitusjon ved lokal prosjektansvarleg etter søknad fr​​​​å helseføretaket / den private, ideelle institusjonen der EU-prosjektet er forankra. Det kan forventast tildeling på 15 prosent av rekneskapsførte EU-midlar.

Midlane skal gå til forsking​​​, og kan brukast til både lønn og drift. Midlane skal handterast av helseføretak i regionen eller private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest.

Det er rapporteringsplikt for midlane, og rapporteringa blir gjennomført i januar. Mottakar og rekneskapsinstitusjo​n vil bli varsla når rapportering skal gjennomførast.

Utfylt skjema skal sendast Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking via e-post til: forskning@helse-vest.no

Tildelinga blir fatta av fagdirektøren i Helse Vest og​ kan først skje når årsrekneskapen er avslutta. Søknadane blir gjennomgått administrativt av samarbeidsorganet sitt sekretariat. Dersom søknaden har mangelfulle opplysningar og/eller vedlegg vil ikkje midlar bli tildelt

Søknadsskjema-påkjønning av EU-midlar

Marie Sklodwska-Curie Actions (MSCA) er eit program for mobilitet og karriereutvikling for forskarar i EU, og Norge er med i programmet på lik linje med EU-landa. MSCA-stipenda blir tildelt etter faste satsar som​​ ikkje er i samsvar med norske lønns- og kostnadsnivå. For å gjere stipenda meir attraktive for helseføretaka, vil Helse Vest bidra med finansiering av mellomlegget mellom EU-sats og lønnsnivå for innreisande kandidatar.

Helseføretak og private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest som får tildelt eit stipend gjennom MSCA kan sø​​kje om inntil 300 000 kroner pr. år for å få dekt mellomlegget for innreisande og utreisande kandidat. Det må gjerast greie for tildelt beløp og planlagt lønnsnivå for stipendiaten i søknadsskjemaet. Ordninga er avgrensa til å gjelde MSCA doktorgradnettverk og postdoktorstipend.

Det kan søkjast om å få finansiert mellomlegg for heile stipendperioden, inntil 3 år.​

Det er kontinuerlig utlysing. Søknadane blir gjennomgått administrativt av samarbeidsorganet sitt sekretariat. Tildelinga blir fatta av fagdirektøren i Helse Vest. Dersom søknaden har mangelfulle opplysningar og/eller vedlegg, vil ikkje tilleggsfinansiering bli tildelt.

Søknadsskjema - Marie Sklodwska Curie tillegg 

Søknadsskjema skal sendast til: forskning@helse-vest.no

Midlane skal brukast til lønn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet, og stipendiaten skal tilsetjast ved søkarinstitusjonen (he​lseføretaket / den private, ideelle institusjonen). Midlane skal handterast og rekneskapsførast av helseføretaka i regionen eller private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest.

Det er rapporteringsplikt​ for midlane, og rapporteringa blir gjennomført i januar. Mottakaren og rekneskapsinstitusjone​n vil bli varsla når rapporteringa skal gjennomførast.

Finansiering av mellomlegget kj​​em i tillegg til påskjøningsmidlar for EU-prosjekt.

Helse Vest vil bidra med 10 prosent tilleggsfinansiering av større satsingar / senter/prosjekt i helseføretaka / dei ​private, ideelle institusjonane med avtale med Helse Vest, som er finansiert av Forskingsrådet,  (SFI, SFF, SKB infrastruktur og tilsvarande).

Tilleggsfinansieringa er avgrensa til å omfatte NFR-midlar som gir utteljing i Helse- og omsorgsdep​artementet sitt målesystem for forskingsaktivitet i helseføretaka og som utgjer meir enn 500.000 kroner årleg.

Tilleggsfinansieringa inkluderer midlar der helseføret​​aket / institusjonen anten er koordinator eller er partnar i store senter ved andre institusjonar. Ved tildeling blir det tatt utgangspunkt i rekneskapsførte (innbetalte) midlar i helseføretaket / den private, ideelle institusjonen. Midlar som er utbetalt til andre institusjonar i lys av at helseføretaket er leiar av senteret/satsinga må trekkjast frå.

Søknadsskj​​​​​​​ema

  • Det kan søkjast om tilleggsfinansiering seinast innan 1. juni året etter at midlane er rekneskapsført (innbetalt) i helseføretaket.
  • Skjemaet kan først sendast inn når årsrekneskapen er avslutta.
  • Det kan ikkje søkjast om tilleggsfinansiering for fleire år i gongen.
  • Det må søkjast årleg.

Søknadsskjema-tilleggsfinansiering NFR

Utfylt skjema skal sendast​ Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking, via e-post til: forskning@helse-vest.no

Søknadane blir gjennomgått administrativt av samarbeidsorganet sitt sekretariat. Tildelinga blir fatta av fagdirektøren i He​​lse Vest. Dersom søknaden har mangelfulle opplysningar og/eller vedlegg, vil ikkje tilleggsfinansiering bli tildelt.

På førespurnad til sekretariatet kan det givast vilkårsbunde (beti​​nga) tildelingsbrev. Dette kan leggjast ved søknad til NFR som stadfesting på moglegheita for tilleggsfinansiering frå det regionale helseføretaket.

Midlane blir tildelt søkjarinstitusjon ved lokal prosjektansvarleg etter søknad frå helseføretaket / den private, id​​​eelle institusjonen. Midlane skal gå til forsking, og kan brukast til både lønn og drift. Midlane skal handterast av helseføretak i regionen eller private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest.

Personell finansiert av midlane skal tilsetjast i søkarinstitusjonen. Det​​ er rapporteringsplikt for midlane, og rapporteringa blir gjennomført i januar. Mottakar og rekneskapsinstitusjon vil bli varsla når rapportering skal gjennomførast.

Sist oppdatert 24.04.2023