Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Detektiven som ville løyse kreftgåta

Det var eigentleg astrofysikar han ville bli, forskaren, overlegen og leiaren for Centre for Cancer Biomarkers, Lars Andreas Akslen. Men valet fall på medisin og kreftforsking. No har han, og miljøet han er leiar for, fått Helse Vest sin forskarpris for 2023 – for si banebrytande forsking på tumormarkørar i kreftforsking.

Publisert 17.11.2023
En mann og en kvinne i et laboratorium
Lars Andreas Akslen, foto: Centre for Cancer Biomarkers

Forskarprisen 2023

Kva: Helse Vest sin forskarpris går til Lars Andreas Akslen for si banebrytande forsking på tumormarkørar i kreftforsking

Kven: Lars Andreas Akslen er forskar, overlege og leiar for Centre for Cancer Biomarkers 

 

– Eg er grunnleggjande nysgjerrig. Eg vil finne svar, og det er ei sentral drivkraft hos meg. Utfordringa er at jo fleire svar vi finn, jo fleire spørsmål dukkar opp. 

Interesse for det levande

Lars Andreas Akslen (65) er utdanna patolog og arbei der som leiar for Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) ved Universitetet i Bergen. Senteret har status som «senter for framifrå forsking» og er finansiert av Norges forskningsråd. Allereie som medisinstudent fatta han interesse for kreft-feltet. 

– Eg hadde stor interesse for alt levande og eit behov for å forstå ting djupare. Difor blei mitt fagfelt, patologi, det rette for meg. Gjennom mikroskop og molekyl kunne eg sjå og forstå korleis alt fungerte og korleis ein kunne påverke. 

Gjennom ein inspirerande mentor i anatomi, John-Gunnar Forsberg, fatta Akslen interesse for å forske på kreft. 

– Eg gjorde tidleg studiar på kreft i skjoldbruskkjertelen. Vidare etablerte eg ei forskingsgruppe på kreft i 1995. Sidan den gong har det handla om dette fagfeltet.  

Som lege har Akslen alltid jobba for pasientar. Framleis er han overlege på Haukeland sjukehus, der han har hatt ei bistilling i 35 år. Sidan 1988 har han jobba som overlege. 

– Eg diagnostiserer framleis pasientar, ja. Det er heilt essensielt for forskinga mi å ha ein fot i begge leirar. Grensesnittet mellom basal forsking og pasientfokus har alltid vore viktig for meg, seier han. 

Biomarkørar i forskinga

I 2013 starta han jobben med å bygge opp CCBIO-senteret, som i dag husar kring 220 forskarar og støttespelarar. Det er ved dette senteret at han har jobba mest med tumormarkørar. 

– Eg har vore med på mykje spennande, men dette senteret er noko av det eg er mest stolt over. Det har vore ei eventyrleg reise, fortel han.

Saman med forskarar og medarbeidarar frå heile verden, er senteret delt i 14 forskingsgrupper. Dei jobbar alle innan fire områder: basal forsking, translasjonsforsking, kliniske studiar eller etikk og samfunnsnytte. 

– Ein biomarkør viser karakteren og identiteten til ein kreftsvulst, det er som eit fingeravtrykk. Vi ser for eksempel etter innhald av bestemte protein i svulsten, og ut frå ulike variablar kan vi sjå om han er aggressiv eller roleg. Ved bruk av slike styringsmarkørar kan vi tilpassa behandlinga etter sjukdommen hos den enkelte pasienten, fortel han. 

Medan kreftbehandling tidlegare blei brukt likt hos alle eller hos store grupper, er behandlinga nå meir unik og tilpassa kvar pasient. 

– Sjølve kreftdiagnosen som vi stiller er berre byrjinga. Neste trinn er å karakterisere, og analysere, svulsten. Dette har meir og meir å seie for behandlinga vidare, fortel han. 

Sjå prisforedraget frå Helse Vest sin Forskingskonferanse 17. november 2023.

Støttevev og mikromiljø

Akslen og dei andre forskarane viste tidleg interesse for støttevevet kring kreftsvulsten, det såkalla mikromiljøet. For eksempel kom immunterapi som ei stor bølge for nokre år sidan, og Akslen og  fleire medarbeidarar i CCBIO har sett på kva ulike immunceller betyr i svulstane, og korleis slike celler og kreftceller kommuniserer.  

– Tidlegare trudde ein at kreft bestod mest av svulstceller, og litt ekstra vev. Ein såg ikkje på støttevevet som ei utfordring. Den tanken er heilt feil. Støttevevet er veldig aktivt, noko som gjer at vi må sjå både på kreftvevet og støttevevet, og vi må utvikle best mogleg behandling både mot svulstceller og støtteceller.  Vi ser nå i detalj på disse ulike celletypane - korleis dei kommuniserer, kva slags signal dei sender ut, og kvar dei er lokalisert. Dette gir betre forståing av kva som skjer. 

Biologiske mekanismar og kreftutvikling har vore sentralt i all forskinga til Lars Andreas Akslen og Centre for Cancer Biomarkers. Etter kvart har forskinga omfatta mange vanlege kreftformer, og tumormarkørane blir brukt i fleire randomiserte kliniske studie. 

– Verdig vinnar

Fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest, er nøgd med at Akslen i år får Helse Vest sin forskarpris 2023. 

– Akslen er ein verdig vinnar av forskingsprisen. Han har vore sentral for den moderne kreftforskinga i mange år, både på Vestlandet og i resten av landet. Han er hovudpersonen bak oppbygginga av forskingssenteret CCBIO, som er ein viktig motor for kreftforskinga. Akslen har også eit stort nettverk og er tett knytt opp mot faggrupper og miljø både nasjonalt og internasjonalt, seier Vikse. 

– Det er sjølvsagt stort for meg å få denne prisen no. Det er ei anerkjenning av det eg, og vi, har jobba med, og det er veldig stas å bli sett pris på, seier prisvinnaren sjølv. 

Gjennom oppbygging av CCBIO-senteret har Akslen eit stort fokus på unge forskarar som blir knytt til senteret. 

– Senteret skal òg bidra til å utvikle unge kreftforskarar og vi har både forskarskule, Masterclass-program og mentorprogram. Eg ser eit enormt potensial hos mange av dei unge forskarane, og det er viktig for meg at vi legg til rette for karriereutvikling. 

– For meg er forsking ein livsstil. Det forsvinn aldri. Vi har fått langt betre diagnostikk og gått frå lik til unik behandling, vi veit meir enn nokon gong, og vi har gjort store framsteg. Og når eg ser unge kvinner og menn ved senteret som brenn for dette, blir eg stolt og rørt. Dei vil vie livet til kreftforsking. Forskarprisen er enormt inspirerande og motiverer meg til vidare arbeid, avsluttar han.

Tekst: Tonje Pedersen