Glade forskingsprisvinnarar
– Helse Vest har som mål at forsking og innovasjon skal vere av høg kvalitet, og til nytte for pasientane våre. Det bidreg årets vinnarar til, i aller høgste grad, sa Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest, på årets forskingskonferanse. Tre prisar blei delte ut på tre ulike område, til vinnarane frå Helse Bergen og Helse Stavanger.
![8 personar, glade og med blomar og diplom. Foto.](/49a15c/contentassets/44fdaab8fedf4e21ba31fa9430e38433/forskingsprisvinnarar01.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Innovasjonsprisen i år gjekk til Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest, RAKOS. Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol tok i mot prisen for sin tenesteinnovasjon "Oppfølging av førstehjelpere".
Dei har, som dei første i verda, starta opp med systematisk oppfølging av førstehjelparar i etterkant av ei alvorleg hending. Oppfølginga er blant anna tilbod om ei gjennomgang av hendinga i samtale med helsepersonell som er erfarne med å snakke om vonde opplevingar.
– Dei som har teke eit samfunnsansvar ved å hjelpe andre, dei hjelper vi no, sa Thomas Lindner blant anna då dei mottok prisen.
Førstehjelparen får fortelle om si oppleving, stille spørsmål og få hjelp til å bearbeide vonde kjensler slik at dei skal slippe å kjenne på skuld. Førebelse studiar viser ein signifikant reduksjon av traumeopplevingar seks månadar etter denne oppfølginga.
![Tre personar med blomar og diplom, smiler. Foto.](/49a15d/contentassets/44fdaab8fedf4e21ba31fa9430e38433/rakos-innovasjonsprisen.jpg?width=1400&height=933&quality=80&format=webp)
Frå venstre: Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol, RAKOS, Helse Stavanger. Foto: Silje Katrine Robinson.
Pris til ung forskar blei introdusert som ein ny, fast pris på konferansen førre året, og er ein samarbeidspris med midlar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest.
Olga Therese Ousdal fekk prisen for hennar forsking innanfor skjeringspunktet mellom radiologi, nevrologi og psykiatri. Forskinga har gitt resultat i ny kunnskap og ei betra forståing av endringar i hjernen ved enkelte psykiske lidingar som depresjon og angst og behandlinga mot dette (elektrosjokk og psykoterapi).
Denne kunnskapen vil ha stor betyding for å kunne utvikle persontilpassa og effektiv behandling hos yngre og eldre pasientar i framtida, ifølge juryen.
– Dette er ein stor inspirasjon for meg og ei stor ære. Det at eg har fått tillit til å kunne arbeide med dette, har gjort meg til ein betre forskar, seier Ousdal.
![Kvinne med blomar og diplom, smilar. Foto.](/49a15e/contentassets/44fdaab8fedf4e21ba31fa9430e38433/olga-therese-ousdal.jpg?width=1400&height=933&quality=80&format=webp)
Olga Therese Ousdal, 1. amanuensis ved UiB og overlege ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, Pris til ung forskar 2022. Foto: Silje Katrine Robinson.
Forskingsprisen 2022 blei tildelt Kjell-Morten Myhr, overlege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og professor ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen.
Kjell-Morten Myhr får prisen for si framragande og banebrytande forsking på behandling av multippel sklerose.
– Eg er umåteleg glad for denne prisen og eg takkar pasientane som vi har følgt opp gjennom åra. Dette er ei stor anerkjenning for meg og for nevrologimiljøet i Noreg. Tidlegare opplevde vi at pasientar døydde etter 5-10 år. No klarer vi ofte å stille diagnose tidleg og starte behandling så tidleg at vi kan stanse sjukdommen eller bremse han kraftig, seier Myhr.
I grunngivinga til komiteen kan vi mellom anna lese at Myhr har vore ein pioner i MS-forskinga, og at forskinga hans har resultert i ein forskjell for livslengde og livskvalitet for MS-pasientane.
![Mann, smiler. Har blomar og diplom i hendene. Foto.](/49a15e/contentassets/44fdaab8fedf4e21ba31fa9430e38433/kjell-morten-myhr02.jpg?width=1400&height=933&quality=80&format=webp)
KJell-Morten Myhr, forskingsprisvinnar 2022. Foto: Silje Katrine Robinson.